JULEHELSING 2018

Kjære medlemmer i SMH!

Styret vil takke alle som har bidratt til enno eit godt SMH-år og alle som har deltatt på kurs og andre arrangement i regi av SMH. SMH-dagane i Trondheim i november hadde rekord-deltaking og evalueringa i etterkant har gitt komiteen gode tilbakemeldingar som kan vidareførast til neste komite.
Nok ein gong tusen takk til komiteen og alle andre som bidrog til å gjennomføre dette flott arrangementet! Kor neste SMH-dagar skal vere, er enno ikkje bestemt, men styret jobbar med saka.

Styret sender dei beste ønsker for jula og det nye året med den tradisjonelle «opninga av nokre julegåver» som kjem i 2018:

Det blir kurs i
Endnote
Bibliometri
Informasjon- og dokumenthandtering i arbeid med systematiske oversikter
(kurset som gjekk i Bergen i september)
Kurs i Bergen om systematiske søk

Årsmøte blir måndag 4.mars i Oslo – hald av datoen, antakeleg blir kurset om Informasjon- og dokumenthandtering holdt om formiddagen

Ellers ønsker kurskomiteen at medlemmane kjem med kursønsker eller innspill til styret om saker som vi bør ta opp.
Det kjem nye stipendmidlar over nyttår, og dei kan brukast til både EAHIL som til sommaren er i Basel i Sveits 17.-20.juni eller til VIRAK som i år er i Stavanger veka før,
13.–14. Juni.

Og til slutt vil eg minne om SMH-bloggen og facebook-sida vår og oppfordrar medlemmane til å skrive innlegg!

Venleg julehelsing
Irene Hunskår
Leiar i SMH

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *