JULEHELSING 2019

Kjære medlemmer i SMH!

Enno eit år er snart til vegs ende og styret i SMH vil takke alle som har bidratt til at SMH fortsatt er ein aktiv organisasjon. SMH har eit stabilt medlemstal, så takk til alle som vervar og fortel om SMH til nytilsette rundt om i dei medisinske og helsefaglege biblioteka våre! Og ikkje minst ei helsing til alle som har deltatt på kurs og andre arrangementer i regi av SMH. Men kursarrangering gjer ikkje seg sjølv, og kurskomiteen ønsker seg fleire medlemmer – spesielt i Oslo-området. Så er det nokon som kunne tenke seg å vere med i kurskomiteen, så ta kontakt anten med meg eller nokon i komiteen.

Styret er også stolte over at vi no endeleg er i gang og har fått på plass den første oppdaterte søkeveiledningen på norsk for OVID-databasane. Sjå her: https://smh.no/forside/sokeveiledninger/ Etter nyttår kjem ny versjon av PuBMed 2.0 på norsk, og vi håpar at også søkeveiledning til CINAHL vil vere tilgjengeleg snart. Om det er nokon som vil vere med å delta i denne dugnaden med å halde norske søkeveiledningar oppdaterte, er det berre å ta kontakt med styret i SMH!

Vi vil også nytte høve til å minne om at SMH både har heimeside, Facebook og Blogg – i tillegg til at vi også sender ut informasjon på Medbibl-lista. Husk å sjekke om du er med på alle kanalane våre – og kom gjerne med tips, skriv eit lite innlegg eller del ein artikkel eller ein viktig nyhet med oss!
I løpet av nyåret vil SMH også få nye nettsider saman med alle spesialgrupper og lokallag under NBF-paraplyen.

Styret sender dei beste ønsker for jula og det nye året med tradisjonen tru å «opne nokre julegåver» som kjem i 2020:

* Workshop med Andrew Booth 10.-11.februar i Oslo.
VI jobbar også med å kunne tilby dette som eit «online-kurs/streame» begge dagane.
Meir info om dette kjem.

* Kurs for nyansatte blir 2. mars i Oslo.

* SMH-dagane 2020 blir i Stavanger-området 15. og 16.september.
Komiteen er godt i gang med arbeidet sitt.  I tillegg vil det bli tilbud om kurs måndag 14.
formiddag, og om kvelden blir det medlemsmøte som vanleg.
Sett av datoane allereide no!

Og til slutt: Årsmøtet i SMH blir måndag 2.mars i Oslo.

 

Venleg julehelsingar  frå styret i SMH

Irene Hunskår
Leiar i SMH

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *